tirsdag 15. mars 2011

2 motiverte studentar, barnehagestart og besøk frå Norge


Eit lite "bilde-blogg-innlegg" ;)


Dette blir eit kort bildeinnlegg. Mykje som skjer dei neste vekene....og veldig lite tid igjen. Eksamen min er berre 11 dagar unda, og termin er om 14 dagar... 
Me sjonglerar all tid, slik at me begge skal få studert nok... men prøver alikevel å få til litt kvalitetstid med gutane. Bildet ovanfor er tatt då me grilla pølser på South Bank. Skal ikkje så mykje til for at det blir litt kvalitetstid ;). Gutane møtte meg etter bibloteket stengte ein søndag...og me fekk utnytta den dagen og.  

No er Helge i full gang med studiane og. Ein veldig motivert student. Imponerer meg stort ved at han les forelesningsnotata FØR forelesning! Slik skal det gjerast. Bilda under er frå første "skuledag". Det var nydeleg vær då han gjekk på skulen- men regna "litt" på veg heim. 

Første skuledag på QUT


Eg og gutane på båten på veg til "Coochiemudlo Island"


 Tur til Coochiemudlo Island

Kim (studieveninne av Hege) og dottera, Taylah kom ned til Brisbane nokre dagar. Den eine dagen tok dei meg og gutane med til øya Coochiemudlo, som ligg berre 15 min med båt frå Celveland. Veldig kjekt for Sverre å gjere noko anna enn å sitte i vogn og leike inne. Det var veldig stas å køyre båt og sjå (!!) etter delfinar og haiar. Trur ikkje det finnst så mange av dei der- men artig å sjå etter dei...


Kim, Taylah og eg


Helge må "vere føtene" til Sverre rundt på likeplassen





Sverre

Sverre har no hatt på gipsen på i 5 veker- og er heldigvis litt bedre til mot no.  Han akar seg rundt på rompa og har prøvd ein del ganger å gå på gipsen, men han endar opp med å sei "Det er litt vanskelig..." stakkars liten. Me håpar han  slepp å ha den på i 8 heile veker- men me får sjå korleis det går på kontrollen på tirsdag. Kryssar fingrane!


Sverre


Sondre

Sondre skal faktisk begynne i barnehagen i dag. Blei veldig masse styr å få han inn på skulen for berre nokre måander. Det er berre 4 og 5 åringar på han sin avdeling, og det virkar som det er ein del pedagogisk opplegg. Trur det blir veldig bra for han å gjere noko utan oss nokre dagar i veka. Han kjem nok til å lære engelsk litt fortare og... Nabo og Kompis, George, går i same barnehagen- så håpar me får ein lett innkjøring.  Under ser du tøffingen Sondre som legg hovudet inni den store krokodille munnen.
Tante Susanne og Sverre klappar kenguru på Australia Zoo

Besøk av Susanne

Forrige fredag kom Susanne (og Victoria) på besøk... Dei er på ein skikkeleg rundtur og har sett mykje her i Australia allerede. Cairns, Whitsundays, Frasier ol. Torsdag reiser dei vidare til Sydney og Melbourne, deretter ventar New Zealand og Asia. Det har vore utruleg kjekt å ha Tante Susanne og veslesysta mi på besøk! Sondre har ma fått vist fram svømmekunstene sine til ei måpande tante. Medan eg har fått klemt inn masse kvalitetstid med ho: (kan mellom anna nevne) Gold class movies (kino med lenestolar og servering medan kinoen pågår), Surfers Paradise, Australia Zoo, BBQ på South Bank, shopping...

Tur til Surfers Paradise
Nesten like stor mage som elefantane- veke 38!

Eg og "fisken- Sondre" i bassenget

Neste gang eg skriv er forhåpentleg det litt rolegare...dersom me får ein sovebaby denne gangen (tvilar jo litt sidan eg frå før har fått 100% babyar som søv mindre enn 10 timar i døgnet og vil ha mat kvar time). Men fødsel og eksamen er i hvertfall ferdig då...

WISH US LUCK!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar