søndag 13. februar 2011

Flytting til Spring Hill, kvardag...og besøk frå Norge


Utsikten frå veranden vår...basseng og stor plen til fotball
Ja no har me endeleg fått oss ein plass å bu. Me bur no nesten midt i Brisbane- berre 10 min å gå ned til Queen street mall (for dei som er litt kjente). Og ja- me bur oppe på ein "Hill" (=bakketopp) ...pga flaumen tenkte me det var like greit å bu litt høgt oppe. Leiligheiten me bur i var ferdig møblert og komplekset den ligg i har både inngjerda basseng og bbq område. Helge og gutane er i bassenget opptil 3 gangar dagleg... Dei to minste  er vortne utruleg lite redde i vatnet og Sondre søm no lett utan hjelp. Sverre likar å ha på seg baderingen... men han klarer å sømje viss han vil! Men me har god tid- så stressar ikkje.

Her feirar me at me har fått oss plass og bu ;)

 Kvardagen

Klar for første dag på biblioteket...




Endeleg har det vorte litt kvardagar her- blir nemleg veldig slitsomt å vere på ferie og leve i koffert. Matvanane blir heller ikkje kjempegode... Men no er me tilbake til kvardagen med skikkelege middagar (dvs norsk bondekost med poteter og grønnsaker) og nokonlunde faste tider på måltid.
Stas med både Koala...
Eg er endeleg kommen skikkeleg i gang med lesinga til eksamen og prøver å være på biblioteket 4-5 fulle dagar i veka.  Det går i Organisk Kjemi, Physikk og litt Kjemi. Biologi og Biokjemi skal eg jo kunne i teorien...så det får eg ta til slutt;)
Helge er kjempeflink å aktivisera gutane, og det er godt for meg å vite at dei har det kjekt. Då får eg ikkje så dårleg samvit...

Dei tre gutane mine har vore land og strand dei siste vekene; Lone Pine Koala Sanktuary der dei klappa både Koala og Kenguru. Me har skaffa oss VIP-card på tre store fornøyelsesparkar som ligg 30 min -  1 time å køyre frå oss. Movieworld har mange Hollywoodinspirerte attraksjonar og mange kjente tegneseriefigurar gutane kan helse på. Wetn´wild er ein heilt fantastisk vannpark med vannsklier og aktivitetar for store og små (men veldig få
...Og kenguru
Dei fine gutane mine i bassenget!
for gravide :( Aquadrop var Helge og Knut Eriks favoritt (blei kvalme når dei tok han) Dei stod i eit glasbur 30m over bakken og golvet dei stod på forsvann. Fyk så i ein sylinder rett ned og inn i ein loop.. Kan kanskje skjønne at gravide ikkje får lov til akkurat denne :) Seaworld har delfinar, haiar, sjørøvershow og mykje anna kult for småe gutar...og store gutar. Dei har dessutan vore og sjekka ut mange lokale leikeparkar, symjeparkar (som det er veldig mange av), 4D-kino og sjølvsagt strender og bølger.

Me driv for øvrig og prøver å få Sondre inn på Prep- dvs første året på skulen. Trur han er klar for det. Sverre skal me søke inn i ein barnehage som ligg rett rundt hjørnet. Forhåpentligvis har vi alt klart til Helge skal begynne å studere for fullt i slutten av februar.




Kjekt med besøk frå Norge


Tidleg om morgonen fredag 21 januar var Helge 
Gutane samla ved BBQ-en
på flyplassen og henta Knut Erik, Ingebjørg og Atle + Ingebjørg (mor til Knut E) og hennar samboer, Thorleif.
Kjempekjekt å få besøk frå Norge- dei hadde med seg både norsk-engelsk ordbok, skøyteledning til alle dei norske stikkontaktane våre og makrell i tomat ;). Dei var ganske jet-lagged dei første dagane- og me prøvde så godt me kunne å holde dei vakne. Den fyrste dagen blei det bading, litt omvisning i byen og om kvelden hadde me BBQ nede ved bassenget. 

Det var veldig kjekt for Sondre og Sverre å leike med Atle og det blei mange kjekke dagar med mange forskjellege aktivitetar. Me var mellom anna på Wet`n wild, Seaworld, Surfers Paradise, South Bank... Og ikkje minst hadde me ein skikkeleg Ozzie BBQ i Roma street parklands
Nam nam...ozzie burge
saman med Fiona og Rob. Ozzie BBQ (for dei som ikkje veit det) består av steik, steikt egg, ananas, salat, mais og rødbetar....Veit ikkje om maten fekk den oppmerksomheita den skulle...det var nemleg veldig mange "water-dragons" som gjekk rundt bordet og venta på at me skulle miste noko på bakken. Og for ikkje å snakke om fuglane som sat på greinene over bordet...
Gjestene våre reiste og oppover kysten (Sunshine Coast) og besøkte Australia Zoo.
Ozzie BBQ...i Roma Street Parklands saman med Fiona & Rob

Nokre bilder frå Wet´n Wild...
Helge og Knut Erik var nok dei mest aktive i dei store, skumle skliene
Go-guten Sverre kosar seg


Atle og Sondre leikar sjørøverar

Nokre bilder frå bassenget:
Gutane samla i bassenget..for 2 eller 3 gang for dagen?!?
Sverre; "One, Two, Three- Go!"....så dukkar han under

Sondre dukkar heilt ned på botnen på 1.6 m no!!
Atle utvikla seg og veldig dei 10 dagane han var her.


Nokre bilder frå Seaworld:




Roadtrip til Caloundra

På forrige laurdag tok eg fri frå studiane- me pakka ned ferske pizzahorn, melon og vatn og vende nasen nordover mot Sunshine coast. Me kom ikkje lenger enn Caloundra denne gangen. Der var det nydelege strender med passeleg lite folk... og dei hadde ein fin scrappebutikk ;).  Så eg var der ein liten runde medan gutane herja ifrå seg litt på stranda. Som de kanskje skjønnar har me kjøpt oss camera som er vanntett...så Helge  driv og testar det ut ;). Mange tøffe bilder ein kan ta i nærheiten av vatn...eller under vatn.  


Sondre in "the surf"...




My lifeguard
                         
Eit kosebilde av meg og Sverre 

Beinbrudd...

Dagen før eg skulle legge ut bloggen...så brakk stakkars, lille Sverre foten. Helge hadde med gutane i ein leikepark i Hamilton. Sverre var uheldig då han skulle klatre ned igjen frå eit klatrestativ...og mista taket med føtene. Han hoppa ned ca 1 meter og landa på ganske mjukt underlag. Legane på sjukehuset seier han nok vridde foten medan han landa. Leggen blei hverken blå eller hoven- så me trudde det berre var ein forstuelse. Me gav han smertestillande og la is på foten- men ingenting hjalp. Me reiste til Emergency, og fekk etter kvart bekrefta at leggen var broten. Me måtte overnatte på akutten for at dei skulle følge med på ein evt. hevelse som kunne komme. Sverre hadde fått morfin, og sov ganske godt....det var verre med meg. (Ein del lydar ein ikkje er vand med når ein skal sove. ) Dei neste 8 vekene blir nok utfordrande... Å holde ein så aktiv og sprudlande gut i ro- helst med foten høgt heva. Dei første dagane har han vore veldig oppgidd over at han ikkje kan gå og leike. Han trur han aldri kan gjere dette igjen, stakkar. Desutan er doktorer dumme ! (Likte ikkje å bli stukken i armen når han allerede hadde så vondt i foten) Wish us luck!


Liten gut på "skummelt" sjukehus...





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar