torsdag 26. mai 2011

Mykje nytt Down Under

No er det visst veldig lenge sidan eg har skreve noko. Er ganske så travelt å bli familie på fem ...
Kan ta det i kronologisk rekkefølgje...
 Gipsfri Sverre
Sverre ved bassenget


Sverre fekk endeleg av gipsen etter berre 6 veker.
Dei hadde sagt det kom til å ta minst 8 veker-
så me var veldig heldige. Det tok ca ei veke før han torde å gå skikkeleg på foten igjen.
Det var stor stas å endeleg få bade i bassenget igjen. Og det fungerte som god trening for leggmusklane. No er han nesten som før- og spring for det meste rundt omkring.


Eksamen

26. mars (berre 3 dagar før termin) hadde eg (Hege) GAMSAT eksamen. Det var godt å endeleg bli ferdig etter så mange månader med lesing.  Eg fekk ganske mange blikk då eg trappa opp med DEN magen... men under eksamen gløymte eg magen heilt. Eksamen var ganske hard- og det var lite med tid, men det gjekk ganske bra.

Etter lang tid med lesing var det kjekt å endeleg få lit kvalitetstid saman med gutane (alle tre). På termindatoen (29. mars), var me ein tur på Movieworld. Me har hatt VIP kort her dette halvåret, og gutane elskar å vere der.

Movieworld
Movieworld





















Besøk av mamma og Olav
Mt Cootha... utsikt over heile Brisbane

3. april kom mamma og Olav på besøk. Det var stor stas i heimen - og mormor skulle gjere "alt". Det passa veldig godt- sidan eg framleis ikkje hadde født... og mamma kunne hjelpe til med og ikkje minst passe gutane når babyen skulle komme. Me prøvde å vise dei litt av det Brisbane og området rundt kan tilby: Mt Cootha, Southbank, Botanical Gardens, Newfarm Park, Gold Coast, Sunshine Coast, Australia Zoo. Dei fekk seg dessutan ein tur til både Sydney og Cairns.
Trur dei likte seg... gutane var iallefall veldig glad for å ha mormor og Olav besten her.


BBQ i Newfarm park

Citycat...


Southbank
Eg og mamma dagen før igangsetting. +9 dg






















Velkommen til verden, Tarjei

På ettermiddagen Fredag 8. april hadde eg time på sjukehuset for å sette igang fødselen. Det er tredje
Nyfødt Tarjei
av tre fødslar eg blir satt igang- så eg har konkludert med at eg har eit lenger svangerskap enn andre "normale". Det blei mykje venting. Ikkje mykje skjedde før kl 02.30 om natta 9 april. Då skjedde det meste ganske fort- og Tarjei kom til verda kl 04.04. Han var ein stor gut- slik som storebrødrene har vore; 4510g, 55.5 cm og 37 cm rundt hovudet. Han hadde svelgt litt fostervatn og hadde navlestrengen rundt hovudet då han kom, så han blei plassert på ICU i 4 timar før han fekk komme opp på rommet til ei utolmodig mamma.
stolt pappa
stolt mor og stolte storebrødre

Laurdag ettermiddag var det endeleg tid for besøk frå dei spente storebrødrene. Sondre tykte det var veldig stor stas, og han ville holde han heile tida. Sa det var så godt å holde han ;). Sverre derimot tok nokre blikk på Tarjei før han spurte om han snart kunne få reise heim- utan babyen. 

På veg heim frå sjukehuset

Mandag var Tarjei 2 dagar gamal, og det var på tide å reise heim til Spring Hill.
Mormor og Olav hadde tatt med seg dei to storebrødrene til Sunshinecoast nokre dagar - så det var fredeleg og godt å komme heim med ein nyfødt.
Sidan dei hadde bilen- gjekk me heim frå sjukehuset- ca 4 km...

Den første veka var ganske travel; Helge hadde nemleg 1 innlevering og 3 eksamenar. Han klarte det imponerande bra til å være nybakt pappa underernært på søvn.
Tarjei er ganske lik Sverre...har til og med Hellenyvene ;)

1 mnd og veldig sterk!!
 Tarjei er ein ganske behageleg liten baby-
Nusseleg Tarjei med bamsen sin (1 mnd)
han søv mykje bedre enn storebrødrene har gjort då dei var på same alder. Han har td hatt fleire netter der han søv 6 timar i strekk. Han er flink å ete- og har matvett. Då han var 5 veker byrja han å smile...og kjem rett som det er med eit stort smil. Hærleg alder... og bratt utviklingskurve.

Begge storebrødrene er veldig interresert i han no; Sondre er flink å vogge han i stolen, medan Sverre vil kose masse med han.

No gledar me oss veldig til å vise han fram til venner og familie i Norge.



17 mai i Brisbane

17. mai feira me saman med mange andre nordmenn på skulen til Helge, QUT.  Det er visst den største feiringa av nasjonaldagen utanfor skandinavia. Fyrst gjekk me i tog gjennom Brisbane og Botanisk Hage, før det blei servering av Pølser og Vaffler med Brunost på QUT. Dei hadde og organiserte leikar for ungane. Det var ein anleis feiring enn me er vande til - utan bunad og rømmegraut, men veldig koseleg å feire landet vårt og det å være nordmann!
Nesten heile familien i finstasen... Tarjei søv i vogna
Eg og Tarjei


Helge, Sondre og Sverre på veg til byen...

Sondre tykkjer det er stor stas med politi..





















           



















       
Sverre 3 år- 19 mai
Den vesle guten vår, Sverre, er visst ikkje så liten lenger- tenk at han er heile 3 år gamal.  
Det blei feiring med Sjørøver-fest saman med dei 6 små kompisane i nabolaget. Mamma hadde laga sjørøverskip kake og det var skattejakt. Ein travel dag, og bursdagsbarnet sovna fort den kvelden.

Bursdags-sjørøveren på leit etter skatten.


























Storebror Sondre

Sjokolade-Piratskip, med blå gele rundt...og masse godte-krokkodiller
Roadtrip til Byron Bay, Ballina og Coffs Harbour

Forrige helg la me ut på den første litt lange turen som trebarnsfamilie. Destinasjonen var Coffs Harbour. Der besøkte me Audhild, Louis og dei fire gutane deira som for tida bur i Singapore, men er i Australia på ferie. 
Heile gjengen i bilen...

Me delte opp turen i fire...og køyde ca 200 km kvar dag. Det var nok- med tre stk gutar i baksetet.
Det blei mange stopp, men det gjekk relativt bra mesteparten av turen. 
Første stopp var The Lighthouse i Byron Bay og Australia´s østligaste punkt.
The Lighthouse
Heile familien ved det østlegaste punktet i Australia
 Etter middag i Byron Bay køyrde me til Ballina- der me overnatta. 
Dagen etter køyrde me til Coffs Harbour, åt lunsj på Yachtklubben nede ved stranda før me vende nasen mot Audhild og Louis sitt ferieparadis. Etter 1 1/2 time køyring vestover kom me fram. Mora til Louis har ein veldig koseleg plass ute på landet, med flott utsikt og masse natur. Det hoppa til og med kenguruar rundt framfor bilen. Eg blei fortalt om eit titals forskjellege slange typar som budde i området...men fekk heldigvis ikkje sjå nokre. Dei sju gutane våre (eit framtidig fotball lag?) hadde det veldig kjekt i lag, og det var trist då me måtte reise heimover allerede dagen etterpå. 
Nydelege åsar
 
"Stjernekikking" på morgonen!!!
På tur i Bushen
 


To gode venner- Sondre og Jacob
Louis laga english muffins til frokost- Luksus!

                                                  








                   
No er det berre 5 veker til me reiser heim. Jammen har dette halvåret gått fort...og det er litt trist det er over. Men me har fått opplevd veldig mykje, møtt mange nye folk og ikkje minst fått mykje kvalitetstid saman med gutane våre.

 Det skal bli kjekt å komme heim å møte alle igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar