onsdag 12. januar 2011

Dei siste dagane i Thailand, Singapore og FLOM i Brisbane !!


Heile gjengen samla før middagen
Nyttårsafta var veldig koseleg med gallamiddag, leikar ol for ungane og avslapping ved bassenget. Gutane var så slitne då klokka nærma seg 22...så me bestemt oss for å gå tilbake til rommet og avslutte 2010 der. Me såg masse rakettar frå verandaen, medan Arne, Renate, Hedda og Daniel fekk med seg alle rakettane på stranda.

Sverre kosar seg ved bassenget                                                                                Sondre held ein fisk

 3.nyttårsdag reiste me til Phi-Phi øyane. Pga at eg er gravid fekk me dessverre ikkje køyre speedboat ut til øyane- men måtte ta ein cruisebåt saman med fleire hundre andre. Me var innom "The Beach" der me fekk snorkla og sjå alle dei flotte fiskane. Sondre og Daniel tykte det var veldig kjekt å kaste brød rundt meg slik at MANGE fisk samla seg rundt meg...litt skummelt. Me reiset deretter til Monkey Beach, men torde ikkje ta med oss dei små i kano (med alt for stor redningsvest)- så blei verande ombord i båten. Ein av mannskapet fekk tak i ein liten fisk som Sondre fekk holde. Det var stor stas!! Sjølve Phi-Phi var veldig flott- og me fekk med oss lunsj og ein liten badeseanse før me måtte ta fatt på båtturen heim. 
Eg og Hedda klar for snorkling

Phi-Phi...

Gutane mine kosar seg ved bassenget den siste dagen
Dei siste dagane i Thailand blei vel ganske like dei andre, med basseng, pruting og god Thai mat. Me tok flyet frå Phuket til Singapore tidleg onsdag 5. januar. Me tenkte å sjekke inn bagasjen tidleg i Singapore- sidan flyet vårt ikkje gjekk før kl 23.15...men innsjekkingen var sjølvsagt ikkje open før 2 timar før. Me bestemte oss for å lagre bagasjen på flyplassen, ta ein taxi inn til sentrum der me/Helge såg litt på elektroniske "dingsar"... Det var ganske slitsomt- så me bestemte oss for å stikke innom The Kennedy`s for å slappe av litt. Audhild hadde bestillt Pizza til oss og me fekk ta oss ein dusj før me reiste tilbake til flyplassen. Då me skulle sjekke inn viste det seg at våre navn IKKJE låg inne!!!!! Er det muleg- me er ikkje akkurat heldige når det gjeld innsjekking og kanselleringar. Men Ethihad Airlines var veldig proffe- og sa det skulle ordne seg. Dei sa at SAS hadde gløymt å gje dei beskjed om at me tok ei anna reiserute då dei kansellerte turen vår i desember. Etihad trudde difor ikkje me skulle vere med flyet til Brisbane. Men heldigvis hadde dei ledige seter- og me fekk komme ombord til normal tid...

Lunsj på Wellington Point.
Me landa i Brisbane torsdag (6 Januar) morgon. Me var litt nervøse sidan me ikkje hadde søkt studentvisum, men turistvisum istaden pga juleferie o.l. Men det gjekk heldigvis veldig bra... og etter at eg hadde vist fram sjokoladen eg hadde med- kom me oss ut gjennom customs. Kim (ei veldig god veninne av Hege frå studiane) hadde tatt med seg heile familien og tre (!!) bilar for å hente oss. Dei køyrte oss og all bagasjen vår til Ormiston, like ved Cleveland. Her har me lånt ein 4- roms leiligheit. Det er veldig fint her- men ligg litt vel langt vekke frå byen.

Det har regna masse sidan me kom, men Helge og ungane har likevel brukt bassenget her flittig. Crazy Scandinavians, tenke nok naboane. Me har brukt den siste veka til å sette oss inn i områder me kan tenke oss å bu. Og har bestemt oss for West End, Morningside, Norman Park, Bulimba, Hawthorne eller Spring Hill. Me var på ein del visningar laurdag...men skulle på dei mest aktuelle tirsdag ettermiddag. Den dagen blei vel ikkje heilt som me hadde planlagt. Me har jo sett mange forferdelege bilder frå Nord-queensland der det har vore ekstrem flom den siste tida. Men ingen her i Brisbane trudde vel at den skulle komme hit i dette omganget. I går tidleg såg me forferdelege bilder frå Towoomba- 120km vest for Brisbane, 600m over havet- som blei råka av ein forferdeleg innenlands Tsunami, nesten utan forvarsel. I Ipswich skal elva stige til 22m (?) over normalstand. Så kom sjokkbeskjeden om "Flood alert" i Brisbane- og at 30 forstader måtte evakuerast. 100års- flom og bibelske proporsjoner var ord som blei brukt. Mange av plassane som må evakuerast er plassar me hadde tenkt å bu i og skulle på visning i. Så no er visningane satt på vent... Me har heldigvis fått lov å bu her litt lenger- så treng ikkje stresse med å flytte ut.

A jummy australian BBQ...

I går var vi i eit veldig hyggeleg BBQ- party hos ei studievenninne og fam hennar m.m. Ganske morsomt når ein av gjestane syns Helge var eit jentenavn :) - Me blir sittande ein del å sjå på nyheitene og vente på oppdateringar- det er heilt forferdeleg å sjå kor store øydeleggelsane er, 50 forstader er under vatn, 12 er døde, 51 er savna, 3500 er evakuert- og tala skal auke...  Akkurat no er Helge ein tur for å sjå på flommen- medan eg held meg her saman med ungane. Dei seier at flommen skal ha sitt høgaste punkt i natt kl 04.00- 5,5m over sitt normalnivå. Uff- håper det går bra! Det er utruleg mange triste skjebner rundt omkring.

Bulimba City cat stop


Helge var i Bulimba ved fergekaien, og i South Bank på den kunstige badestranda ved sentrum, begge  er no heilt under vatn, og han vart heilt forskrekka over kor fort elva raser nedover og kor raskt den aukar. Butikkar langt innover forberedte seg med sandsekkar og presenningar på at elva skulle stige. Elektrisiteten var slått av i mange områder så det blei ganske spøkelsesaktig når mørket seig på. Når han skulle tilbake igjen var mange av vegane stengt, men etter diverse omkøyringar så fekk vi han heldigvis trygt heim. Dei neste 24t blir ulidelig spennande, men sjølv om Cleveland ligg aust for Brisbane og nærmare havet, så er det ikkje mange elver her, og vi føle oss ganske trygge. Vi kose oss og har det bra sjølv om ting er satt litt på vent. Håpe å kunne gå på visningar igjen i helga. Helge har brukt tida godt til å sette seg inn i leigereglar og meglarsystem og vi føle oss no godt forberedte til å finne bolig.
Southbank


Krysser fingrane for det neste døgnet og håpar at skadene blir minimale.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar