fredag 31. desember 2010

Istanbul, Singapore og Phuket...


Endeleg har eg komme meg på internett...og her er ein liten oppsummering av kva me har gjort dei siste 2 vekene ;

I Tuk-tuk på veg heim frå Hard Rock Cafe i Patong.

Torsdag 16 desember pakka me ut resten av huset, fekk vaskefolk inn, fekk overlevert huset og kom oss til  Gardermoen i god tid. Me havna sjølvsagt i begynnelsen av snøkaoset i Europa...og SAS anbefalte ikkje at me tok flyet til London- sidan me nok ikkje kom til å rekke neste fly til Abu Dabi. Me fekk difor (etter 3 timar i kø) overnatting på gardermoen og ny flygning fredag 17 desember med Turkish Airlines. Det var eigentleg ganske godt å få nokre timar å slappe av på før me skulle gå ombord i flyet utpå dagen fredag...fulle av energi og klare for å ta fatt på eventyret.
Men "litt" stress skulle det bli- Då me kom fram i innsjekkingskøen var våre plasser kansellert....og me blei ståande å vente, å vente, å vente....Då det var 15 min til flyet skulle lette fekk me beskjed om at me kom med flyet- og at me skulle få business class frå Istanbul til Singapore (spennande!!!). Me SPRANG til gaten- og var dei siste ombord i flyet. Litt stress... Flyturen til Istanbul gjekk kjempebra- Både Sondre og Sverre fekk Nintendo Dsi- og var opptatte heile turen.
Etter litt påfyll av veske i Istanbull gjekk me til gaten- klar for å oppleve Business class...men då fekk me oss nok eit lite sjokk- jammen hadde ikkje dei kansellert biletten vår IGJEN!! Og dei berre løfta på skuldrane og sa det var ingenting dei kunne hjelpe oss med. Dei sa me kunne gå og snakke med transfer desk på andre sida av terminalen...og me bestemte oss for at eg og ungane skulle bli sittande medan Helge sprang det han orka for å prøve å ordne opp.
Og tida gjekk og gjekk....då det var 0 min til flyet skulle gå kom Helge og sa at flyet venta på oss- så nok ein gang SPRANG me det me orka gjennom sikkerhetskontrollen og til gaten. Mannen og helten min(!) , Helge hadde jammen klart å få oss ombord i flyet. Dei hadde fyrst nekta han- og påsto han skulle søke tyrkisk visum og reise inn til Istanbul og snakke med SAS. (Kl 23.30, med 2 små barn og ei gravid kone....sikkert!!)....men Helge gav ikkje opp og jammen hadde ikkje han ordna med Business klasse til meg og gutane- medan han sjølv ofra seg og sat på Comfort.


Wow-Business class var noko anna enn eg nokon gang har opplevd- fire retters alla-carte meny, og stolar ein kunne legge heilt ned til seng. Gutane var heilt eksemplariske- og sovna på veg opp i lufta....dei sov 8 timar i strekk! Eg kunne ikkje legge meg med ein gang- og fekk med meg tre av fire rettar medan eg såg ein god film. Eg treng vel ikkje sei det var den beste søvnen eg har hatt på eit fly... skjønnar at det kostar "litt" meir!

Me kom til Singapore nesten 20 timar etter me eigentleg skulle ha vore der. Familien Kennedy tok imot oss med opne armar - og det smakte veldig godt med Luis sitt heimelaga grovbrød og kylling Nam.... Jacob og Sondre hadde savna kvarandre-og det tok ikkje mange minuttane før dei var tilbake til gamle takter. Dei budde i eit veldig flott kompleks. Pga varmen(ca 29 grader) og luftfuktigheita var me nok nesten like mykje i det flotte bassenget deira som på land... Det blei to dagar i Singapore denne gangen- men me kjem gjerne tilbake...forhåpentlegvis ikkje like jetlagged.

Dei siste 10 dagane har me vore her i Karon Beach, Phuket, Thailand saman med Arne, Renate, Hedda og
 
Gutane kosar seg i bassenget i Phuket

Daniel. Me storkosar oss alle mann. Har vore for det meste ved bassenget eller på den lange, krittkvite stranda. Gutane har gått frå å vore litt skeptiske i vatnet til nokre badenymfer... Sondre søm faktisk under vatn no- utanbadering og greier. Så med litt svømmeinstruksjon i Australia kjem me antakeleg heim med ein liten gut som kan sømje. Sverre er heller ikkje redd- men han held seg til baderingen- og søm rundt der han vil. Og dukkar hovudet under... Kjempekjekt å sjå korleis dei blomstrar når dei mestrar ting! Dagane går eigentleg litt i eit- og me veit vel eigentleg ikkje heilt kva dag det er...men me har skjønna at det er nyttårsaftan i kveld.





Sverre

Julafta blei ei litt anna enn me har vore vand med- med veldig liten julestemning. Dei prøvde veldig hardt med både dekorasjonar, julesangar og nissar...men det virka ikkje på meg. Me starta dagen ved bassenget. Ving hadde arrangert litt julesynging og gåing rundt juletreet, før ungane fekk pakke av den Thailanske julenissen. Me gjekk deretter opp på rommet til litt pakkeopning...og som de ser fekk dei masse pakkar. Det blei mykje badeleiker og sommarklede... Om kvelden var det flott middag- med 950 stk andre. Litt stress...så me gjekk opp att på rommet og slappa av.


Litt anna julefeiring...men det blei nok pakkar på alle mann

 
Skikkeleg gallamiddag på kvelden
 
Sondre og Helge på julafta
 
Ellers har me- iallefall gutane (eg er tydelegvis for gravid til å vere med på noko med litt bevegelse)  fått med oss både elefantriding, 4W drive, zoologisk hage og Hard Rock Cafe...Eg har vore litt på shopping og det blir mykje god Thai mat til utruleg billege pengar. På mandag har me planar om å reise ein båt tur til Phi- phi øyane og til "the Beach" øya. Det gledar eg meg veldig til.


Gutane i Zoo- her er det krokodiller og ein tiger i bakgrunnen
På elefantryggen
Renate og Hedda

Heile gjengen klar for 4W drive i jungelen
 
Det oppsto litt problem med resten av bilda- så legg inn fleire neste gang...
Godt Nyttår alle mann! No er det middag saman med 950 andre...



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar