onsdag 15. desember 2010

1 dag igjen...

Ja, no nærmar det seg avreise. Me har fått leigd ut huset møblert ("litt" mindre å pakke), fødeplass er nesten (!) ordna og mesteparten av det personlege i huset er pakka ned.
Det har vore nokre hektiske veker - men me har  no teke oss tid til å få "litt" julestemning ved å bake pepperkaker og ha nissefest. Eg legg ut nokre bilder -slik at eg veit korleis eg gjer det til seinare på turen...
 

Sverre et mjøl og deig...
 
...medan Sondre faktisk konsentrerer seg hardt på å bake mest mulig!


Det ferdige resultatet!

Nissefest med nokre venner frå barnehagen. Klar til knusing av huset...

Det gjekk jo bra!

Forhåpentlegvis klarer eg å holde dykk oppdatert på litt av det me skal gjere framover- med både bilder og små historiar. Følg med...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar