tirsdag 23. november 2010

Forberedelsar

Ja, no i desse blogge-tider tenkte eg det kan være artig å prøve seg på dette... 

Denne bloggen kjem til å handle om vårt eventyr som startar om berre nokre veker. 16 desember reiser me frå Gardermoen. Først skal me besøke familien Kennedy i Singapore før me møter opp med litt familie(Arne og Renate m/fam) i Phuket, Thailand. Der skal me feire jul og nyttår, før me i byrjinga av Januar reiser vidare til Brisbane, Australia. Der skal me bu litt meir permanent i ca 6 mnd.

Eg skal ta GAMSAT i slutten av mars medan Helge skal ta "Graduate certificate of Business" på QUT. Gutane skal gå litt i barnehage. I slutten av mars går me forresten frå fire til fem... Hovudvekta dette halvåret skal vel være å prøve å få tida til å stoppe litt opp og nyte livet saman med dei to gode gutane våre. Kvardagen her heime i Oslo suser forbi, og me føler at ungane veks forare enn me klarer å få med oss. Forhåpentlegvis blir det mange store og små eventyr dette halvåret. Eg håpar å legge ut fortløpande historier og bilder frå dette. Ved å lage ein blogg slepp de å få "masse-e-mails", men kan gå inn her og lese dersom de er interreserte.

No er det berre 3 veker til me reiser, og me er i full gang med forberedelsane. Har solgt den eine bilen, leigd ut den andre...jobbar i desse dagar iherdig med å leige ut huset. Bilettar er betalt, pass skaffa, søknader til skule sendt inn. No manglar berre å pakke ned heile huset (!!), skaffe oss visum, skaffe fødeplass, skaffe plass å bu i Oz osv. ("små" bagatellar)

To be continued...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar